DÅP

Ønskjer du dåp i Forsand tar du kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 51 70 01 70. Det går an å ha dåp på dei fleste gudstenestane gjennom året. Oversikt over gudstenestane finn du i kalenderen øverst på framsida.

Les meir om dåp her.


Utlån av dåpskjolar

Kyrkjekontoret har dåpskjolar til låns om nokon treng det.

 

Litt Forsandhistorie følgjer desse:

Det var bondekvinnelaget i Forsand som leigde ut kjolane. Den første dåpskjolen til bodekvinnelaget blei sydd av Aagot Løland ca 1960. I 1960 kom det tvillingar på Løland, og då sydde Aagot ein kjole til. Ho hadde stellet av kjolane i fleire år. I 1974 vart det bestemt at ein skulle få sydd 2 dåpskjolar til, då den eldste var svært sliten. Ein trur det var Inger Søderlund som hadde hytte på Oaland, som sydde desse.

Bondekvinnelaget i Forsand er nedlagt, og kyrkjekontoret var heldige å overta dåpskjolane etter at Ingeborg Berge hadde hatt stellet av dåpskjolane ei årrekke. Mange Forsandbuar er blitt døypte i ein av desse kjolane. Sidan kyrkjekontoret overtok desse i 2010 har dei vore brukt nokre få gonger. Men har du eit dåpsbarn som treng dåpskjole er dei til låns gratis:-)



Del denne artikkel på e-post