VIGSEL

Bestille vigsel og kyrkje?

Ring Sandnes kirkevergekontor tlf. tlf: 51 97 47 70, eller send en e-post

Tidspunkt for vigsel i Forsand kyrkje blir samordna med Jørpeland og Strand på grunn av felles tenesteområde for soknepresten. Tider: kl. 13 - 14.30 og 16.

Du vil då få ein brev med nærare informasjon og med opplysning av kva for ein prest som skal vie. Før vigselen har presten ein vigselsamtale med brudefolka. I samtalen går ein gjennom programmet for vigselen, og dessutan snakkar ein saman om ekteskap og samliv.

Det er gratis å gifte seg i heimkommunen der ein av brudefolka eller deira foreldre er busett og er medlem av Den norske kyrkja. Dersom dette ikkje er tilfelle må ein betala for leige av kyrkja. 

Brudefolka får ei gåve frå kyrkjelyden der ein giftar seg. I Forsand er det ein brudebibel. Kyrkjekontoret i Forsand kan på forespørsel hjelpa til med å trykkja songark til vigselen til ein avtalt pris. Når det gjeld pynting av kyrkja, blir det gjort i samråd med kyrkjetenar.

Dersom brudefolk som bur i kommunen ønskjer å gifta seg ein annan stad, er dette som regel ikkje noko problem. Ta då kontakt med kyrkjekontoret i det soknet de skal viast.

Utfylte vigselsskjema skal sendast folkeregisteret i kommunen der ein av brudefolka bur for prøving av ekteskapsvilkåra. Å ”prøva ekteskapsvilkåra” vil seie at papira vert gått gjennom for å forsikra seg om at det ikkje er noko til hinder for ekteskap. Dette er den same saksgangen som hos byfogden. Papira vert så godkjent, underskrivne og sendt tilbake til brudefolket. Dei tar dette med til presten når dei skal ha vigselssamtale.

Du kan lesa meir om vigsel på https://sandnes.kirken.no/Kontakt/Artikler/Vis/ArticleId/37/Informasjon-om-bestilling-av-vielse

 



Del denne artikkel på e-post