DÅPSSKULE

Dåpsskulen pleier å vere ein gong i veka frå jan/februar til mars for alle som skal byrja på skulen til hausten, til saman sju samlingar. Dersom ditt barn ikkje har fått invitasjon eller den er blitt forlagt, ta kontakt med kyrkjekontoret for påmelding.

Dåpsskulen er ein del av trusopplæringsreforma, der kyrkja sitt fokus er å samarbeide med heimane om å lære barna om trua vår! 

Tidlegare vart store deler av kristendomsundervisninga dekka av skulane. Slik er det ikkje lenger. Ansvaret for å lære opp barna i trua på Jesus, er nå lagt meir over på de som foreldre, saman med kyrkjelyden. Dåpsskulen er ein del av den trusopplæringa Forsand kyrkjelyd tilbyr barnet dykkar.

Dåpsskulen er gratis.

Program og innhald:

På dåpsskulen legg me vekt på å ha det koseleg i lag. Me brukar å ete noko, me har samling og aktivitetar. På samlinga fortel ein av leiarane ei bibelforteljing, eller om dåp og nattverd.

Etterpå snakkar me litt saman om kva dei tenkjer om det dei har høyrd. Og så syng me litt. Me får og tid til aktivitetar og leik.

Som avslutning for dåpsskulen vert barna og familiane spesielt inviterte til ei gudsteneste.

Om nokre føresette ønskjer å følgje barnet på dåpsskulen, er de sjølvsagt hjarteleg velkomne til det!

Leiar for dåpsskulen er kyrkjelydsarbeidar Irene I Thu.

 

 



Del denne artikkel på e-post