TRIPP TRAPP KLUBB

Tripp Trappklubben er for deg som er heimeverande med barn under skulealder på tysdagar, og sjølvsagt aller mest for barna.

Klubben er tenkt som ein sosial møteplass, der barna får leike saman, og dei vaksne kan snakkast. Ofte har me ein aktivitet me gjer saman, og elles har me leikekassar m. div. leiker. Det er òg sandkasse utanfor, så ta med uteklær dersom barnet ditt har lyst å leike der.

Ca kl. 11 et me føremiddagsmat saman. Alle Tar med niste, me har saft, kaffi og te. Etter maten har me samlingsstund med song og bibelforteljing. Den fyrste tysdagen i måneden (når det ikkje er babysang,) er det Småbarnstrall med Hege T. Langbakk :). Då koser me oss med songleiker, regler og rim, og barnesongar for kvar ein smak!

Tripp Trappklubben er kvar tysdag kl. 10-12. Det er ikkje klubb i skulen sine feriar. Klubben er i kjellaren på Forsand bedehus. Alle betaler litt for saft, kaffi eller te og for evt. formingsaktivitetar. Elles er tilbodet gratis.



Del denne artikkel på e-post