UNGDOMSARBEIDAR I FORSAND 20 % FAST STILLING

Me søkjer etter person som har engasjement for ungdom og kristent ungdomsarbeid. Utdanning/praksis innan ungdomsarbeid er ønskjeleg, men me vil legge stor vekt på personlege kvalifikasjonar. Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, men òg vere lagspelar og ha gode samarbeidsevner. Det kan leggast til rette for deling av stillinga slik at to personar har 10 % kvar.

Arbeidsoppgåver

•    miljøskapar
•    konfirmantarbeid
•    støttespelar for ungdomsklubben Connect og KRIK
•    smågrupper/bibelgrupper

Søkjar må leggje fram politiattest.

Løn etter avtale.

Stillinga er i samarbeid med organisasjonane på Forsand bedehus. Søkjar må kunne arbeide i samsvar med mål og planar for Forsand sokn. Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja eller tilsvarande.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kyrkjeverge Siv Fossan 926 23 180 eller mail: sfo@forsand.kommune.no

Søknadsfrist
Søknadsfrist: 15.06.18
Send søknaden til:
Forsand kyrkjekontor, Fossanvegen 380, 4110 Forsand
eller mail: kyrkjekontoret@forsand.kommune.no

 



Del denne artikkel på e-post