TRIPP TRAPP-KLUBBEN STARTAR OPP IGJEN 4. SEPTEMBER

Tid:
Tysdagar, kl 10 til ca. kl. 12. Føste samling etter sommaren er tysdag 4. september.

Stad:
Peisestova på Forsand Bedehus.

Pris:
Kvar betaler litt for saft/kaffi og evt. formingsaktivitetar, elles er tilbodet gratis.

 

Tripp Trapp-klubben er for deg som er heimeverande med barn under skulealder på tysdagar, og sjølvsagt aller mest for barna.

Klubben er tenkt som ein sosial møteplass, der borna får leike saman og dei vaksne kan snakkast. Ofte har me ein aktivitet me gjer saman, og elles har me leikekassar med div. leiker. Det er òg sandkasse utanfor, så ta med uteklær om barnet ditt har lyst å leike der.

Den fyrste tysdagen i måneden (når det ikkje er babysang,) er det Småbarnstrall med Hege T. Langbakk :). Då koser me oss med songleiker, regler og rim, og barnesonger for kvar ein smak!

Ca. kl. 11 et me føremiddagsmat saman. Alle tar med niste, me har saft, kaffi /te. Etter maten har me samlingstund med song og bibelforteljing.



Del denne artikkel på e-post