SORGGRUPPE

Velkommen til å delta i sorggruppe!

Vi menneske er forskjellege, og når sorga rammer er behova ulike. Følelsar og tankar blir uttrykt ulikt. Det er ingen fasit på koss vi ”bør” sørge. Vi veit likevel at mange har behov for å dela tankar og følelsar, og gjerne snakke om praktiske vanskar. Nokon gonger er det lettare overfor utenforståande som har tid og evne til å lytte.

Vi inviterer deg til å vere med i ei sorggruppe. Her kan du komme saman med andre som har opplevd eit liknande tap som deg. Vi ber òg om at du formidlar invitasjonen til å delta til andre pårørende.


Det er Den norske kyrkja ved kyrkjelydane i Strand og Forsand som tilbyr sorggruppe, men gruppa er åpen for alle, uansett livssyn og kirketilhørighet.

Ledere i sorggruppa er Brit Wigdel Reppen og Ragnhild Tjemsland.

Oppstart tirsdag 16. oktober kl. 17.00 - 18.30
Sted: Strand kirkekontor fjelltunvegen 3.,  2 etasje.

Du bind deg ikkje til noko ved å møte opp for å sjå om dette er noko for deg.
Dag og tid videre blir avtalt der slik at det passer best for dei som blir med.
Til saman blir det 6-7 samlingar, kvar på ca 1 ½ time. Det blir enkel bevertning.

Ynskjer du å bli med eller har spørsmål ?
Ta kontakt med: Brit W Reppen tlf. 975 10 439, Ragnhild Tjemsland tlf  464 47 751 eller kirkekontoret tlf 51 74 11 30  kyrkja@strand.kommune.no.

Dersom du ynskjer samtale med ein av prestene er du òg velkommen til å ta kontakt.



Del denne artikkel på e-post