NY UNGDOMSDIAKON

Vil du vere med å støtta ungdomsarbeidet i Forsand?

Me ønskjer å gi ungdomane i Forsand trygge og gode felleskap, der dei kan bli bevart i trua på Jesus. Dei unge er både ein del av kyrkjelyden, og kyrkjelyden si framtid.

I dette treng me medarbeidarar som kan vera gode vegvisarar for dei, og derfor spør me frimodig om fleire støttespe-
larar til ungdomsarbeidet i Forsand, både gjennom forbøn og økonomisk støtte .

Etter å hatt ungdomsarbeidarstillinga vår vakant i eitt år har me nå gått inn i eit nytt samarbeid med Strand sokn om ei felles prosjektstilling på 2 år som ungdomsdiakon i 80 % stilling.  Michael Skappel Zülow er tilsett i stillinga, og vil starta i august.

Med denne prosjektstillinga ønskjer me  å vidareutvikla og styrka det lokale ungdomsarbeidet på Forsand og på tvers av kyrkjelydane i Søre Ryfylke og på Strand videregåande skule. På Forsand vil ungdomsdiakonen vera med i konfirmantarbeidet, støtta opp om ungdomsklubben Connect, KRIK, og gi tilbod om samtalegrupper.

Forsand går inn med finansiering av 30 % stilling. Satsinga er som før eit fellesprosjekt for Soknerådet og organisasjonane på bedehuset, Misjonssambandet, Normisjon og Misjonsselskapet.

Stillinga blir løna av innsamla midlar, og for at me skal klara dette økonomisk treng me mange med på laget.  

Takk til alle som vil vera med!

 

Korleis gi?

  1. Gi eit fast beløp i månaden. Dette ordnar du sjølv i nettbanken, eller ta kontakt med banken din. Kontonr: 3350.10.09313.
  2. Sette inn ei enkelt gåve på  konto: 3350.10.09313.
  3. Du kan gi ei enkelt gåve på Vipps 106774 – «gåve til ungdomsarbeidet»

NB: Merk gåva med «ungdomsarbeid» og kven gåva kjem frå, slik at me får registrert gåva på rett gjevar og prosjekt.

Skattefrådrag
Gåve til ungdomsarbeidet kjem inn under skattefrådrag til frivillige organisasjonar, grensa for 2019 sett til
kr 50 000.



Del denne artikkel på e-post