Vil du bli med å støtta arbeidet vårt?


Gjevarteneste

Kva er gjevarteneste?

Det er pengar som blir gitt av privatpersonar eller bedrifter, og er ein viktig del av kyrkjelyden sin økonomi. Gåva kan vera ein fast betalingsavtale med trekk ein gong pr. månad, eller ei enkelt gåve.

Kan eg få skattefrådrag?

Dersom du gir mellom 500 - 25.000kr pr år, og registrerer deg via skjema nedanfor, får du automatisk skattefrådrag for gåva di.

Kva går pengane til?

  • Prosjekt ungdomsarbeidet: løn til ungdomsarbeidar
  • Prosjekt kyrkjelydsarbeidet: felleskaps, familie og diakoniarbeid

Du kan velja kvifor eit av desse prosjekta du vil støtta

Korleis kan eg gi?

Klikk her for å enkelt registrera deg som fast gjevar til ungdomsarbeidet eller kyrkjelydsarbeidet

Klikk her om du ønskjer å gi ei enkeltgåve via vipps til ungdomsarbeidet

Om du ønskjer å gje på annan måte, eller har spørsmål så ta gjerne kontakt med dagleg leiar Siv Fossan
E-post: sf296@kirken.no
Tlf: 92623180

Tilbake