I samarbeid med flyktningeenheten i kommunen ønskjer me å starta språkkafè i Kyrkjetorget kvar måndag frå kl. 17 - 19. Oppstartsdato 17. oktober
Det er spesielt for våre nye Ukrainske innbyggarar, men òg for andre framandspråklege som vil ha ein stad og øva seg i norsk. Til dette treng me fleire medarbeidarar, så me håpar mange har lyst å bli med.
Å vera medarbeidar i språkkafèen innber:
- Du har anledning å vera med eit par timar kvar måndag. Primært er det dette ønskjeleg, men du kan òg bli med skjeldnare.
- Dei som kjem blir delt inn i grupper med to-tre som kan norsk og to – tre som øver seg i norsk
- Snakke saman, øve på ord, ha litt brettspel og div. oppgåver som kan få praten i gong
- Kanskje bli med på det praktiske rundt, lage kaffi/te og sette fram kaffimat
Ikkje tenk at du må vera veldig flink i engelsk for å bli med på dette. Det viktigaste er å vera saman, bli kjent og praktisera norsk. Og der dette ikkje er nok, greier gode smil og «fakter» resten.😊
Ta kontakt med Siv på tlf 92623180, eller sf296@kirken.no om du vil bli med.