Betalingssatsar

BETALINGSSATSAR FORSAND SOKN REVIDERT JAN.19
Vedtatt i forsand sokneråd 09.12.14, 13.01.15 og 12.05.16

§1    Betaling for leige av kyrkje og kapell
For kyrkjeleg handling utanfor gudsteneste er leiga kr 1650,-. For medlem av Den norske kyrkja gjeld dette ikkje:

  • ved vigsel når ein av brurefolket eller ein av foreldra er busett i   kommunen.
  • ved gravferd når avdøde budde i annan kommune på grunn av sjukdom eller alderdom.

§2    Om deltaking av kyrkjeleg tilsette ved utleige av kyrkjene
For andre arrangement enn gudstenester/kyrkjelege arrangement/oppbygging, er det soknerådet som avgjer om rådet sine  tilsette skal nyttast. Soknerådet avgjer også storleiken på eventuell betaling for dette (sjå § 3).
Det skal som hovudregel nyttast kyrkjeleg personell ved gravferd og vigsel. Kyrkjeverja får rett til å fråvika denne regelen om særlege forhold tilseier det.

§3    Betalingssatsar for bruk av kyrkjeleg tilsette ved vigsel, gravferd og andre formål (gjeld arbeidet inne i kyrkjene) (jfr. Kyrkjelova § 20 og Gravferdslova § 6)

1. Timesats kyrkjeleg tilsette
Når ein skal nytta kyrkjeleg tilsette ved arrangement ein skal betala for, gjeld desse satsane:

  • Kyrkjetenar: kr 385,- pr. time
  • Organist: kr 440,- p.r time

Ein reknar 1 time som minstesats for medgått tid for organist og kyrkjetenar ved utkalling i samband med utleige av kyrkjene.

2. Timetal og betalingssats - gravferd
    For gravferd er talet på timar for organist og kyrkjetenar sett slik:

  • Kyrkjetenar: 4 timar x 385
  • Organist: 4 timar x 440

Minstesats for kyrkjeleg personell ved gravferd er kr 3300,-.  Dersom det er innøving av spesiell musikk, eller ekstra øving på førehand, kan betalinga bli høgare i tråd med medgått tid.

3. Timetal og betalingssats - vigsel
For vigsel er talet på timar for organist og kyrkjetenar sett slik:

  • Kyrkjetenar: 2,5 timar
  • Organist: 4,0 timar

Minstesats for kyrkjeleg personell ved vigsel er kr 2720,-.  Dersom det er innøving av spesiell musikk, eller ekstra øving på førehand, kan betalinga bli høgare – i tråd med medgått tid.

4. Oppsummering – totale utgifter ved vigsel når brurefolk og ingen av foreldra er busett i Forsand kommune, eller  medlem av Den norske kyrkja:
Leige av kyrkje: kr 1650,-
Dekking av utgifter til kyrkjeleg tilsette (i kyrkja): kr 2720,-
Total sum: kr 4370,-

Skal vigselen vera i Lyse kapell kjem skyssutgifter i tillegg. For par som er busett i Forsand, og soknar til Forsand kyrkje må ein betale skyssutgifter om ein vel vigsel i Lyse kapell.

 §6    Andre forhold ved utleige av kyrkjene
Utlån av kyrkja eller kapellet til plateopptak eller liknande formål kor ein ikkje har tenkt å samla publikum, blir avgjort av soknerådet. For omvising, turistbesøk eller liknande gjeld regelen tilsvarande.

Det er sokneråda som, i samsvar med desse reglane, står for all utleige av kyrkjene (jfr. Kyrkjelova).

Sokneråda er, i samsvar med Kyrkjelova, ansvarlege for at innhaldet i konsertane er tilpassa det kyrkjelege rommet. Det er difor eit krav at soknerådet får tilgong til repetoarliste i god før konsertane blir arrangerte.

§6.1    Kapellet
Pris kr 320,-

§6.2    Kyrkjestova/kjøkken
 Kr. 1680,-

Fritak for leigepris etter §6.1 og 2 har Forsand kommune, misjonsorganisasjonane og anna kristeleg verksemd.

§7     Betalingssatsar – graving av grav (jfr. Gravferdsloven § 6)

1. Timesats graving – kistegrav og urnegrav
Personar som har budd i andre kommunar mesteparten av livet, og som ved sin død ikkje høyrer heime i Forsand, skal betala for faktiske utgifter ved graving av grav. Timesats kr 550,-. For graving av grav er talet på timar sett slik:

  • Urnegrav: 3 timar x 550 = 1650,-
  • Kistegrav: 10 timar x 550 = 5500,-

2. Gravferd – totale utgifter
Totale utgifter ved gravferd for personar som ikkje er busett i Forsand kommune:

a. Kistegrav
Leige av kyrkje: kr 1650,-
Dekking av utgifter for kyrkjeleg tilsette: kr 3300,-
Dekking av utgifter ved graving av kistegrav: kr 5500,-

Totale utgifter kistegrav:  kr 10.450,-
Er kistegrava på Lyse kyrkjegard kjem skyssutgifter i tillegg.

b. Urnegrav
Leige av kyrkje: kr 1650,-
Dekking av utgifter for kyrkjeleg tilsette: kr 3300,-
Dekking av utgifter ved graving av urnegrav: kr 1650,-
Totale utgifter urnegrav: kr 6600,-
Er kistegrava på Lyse kyrkjegard kjem skyssutgifter i tillegg.


3. Utgifter for personar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja
Personar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja, som bur i kommunen, og som ønskjer gravferd frå frå Forsand kyrkje eller Lyse kapell, skal betala for leige av kyrkje/kapell og  dekking av utgifter til dei kyrkjeleg tilsette:
Leige av kyrkje: kr 1650,-
Dekking av utgifter for kyrkjeleg tilsette: kr 3300,-
Totale utgifter for dei som ikkje er medlem i DNK kr 4950,-
Skal gravferda vera frå Lyse kapell, kjem skyssutgifter i tillegg.

4. Kremasjonsavgift
Etter § 10 i gravferdslova krev Forsand sokn eigendel frå den som sørger for gravferda på 1/3 av kremasjonsavgifta, for tida kr 1767,-

§8    Gravstell
Forsand sokn tilbyr ei ordning med stelling av grav mot betaling. Dette kan betalast med rekning på kr. 1100,- pr. år, eller at det blir sett av gravfond til den aktuelle grava som blir belasta med kr. 1100,- i året.

§9    Gravfeste
Festeavgifta er på kr 100 pr. år og blir innbetalt for 5 år om gongen med rekning på kr 500,-

§10    Andre tenester:
1.    Retting av gravminne kr 550, eller kr 550 pr time om det går meir tid. Må ein kjøpe inn ekstra vedlikehaldsmateriale kjem dette i tillegg.
2.    Programark til vigsel kr 12,- pr. stk
3.    Div kurs som soknerådet står som ansvarlege for skal ein, så langt det let seg gjera, vera til sjølvkost
4.    Kyrkjelydsweekend: Dei som er med betaler for kost, losji og aktivitetar. Soknerådet betaler evt. undervisar og dei kyrkjeleg tilsette som er med.
5.    Eigendel konfirmantundervisning. Konfirmantundervisninga er i utgangspunktet gratis, men det blir kravd eigendel for konfirmantweekend og materiell.

§11    Dispensasjon frå betalingssatsane
Soknerådet kan i særskilte tilfelle gje dispensasjon frå betalingssatsane.


Reglar og betalingssatsar blir gjort gjeldande frå og med 1. januar 2015.
Betalingssatsane blir indeksregulert kvart 2. år.