Treng du, eller kjenner du nokon som treng ei hjelpande hand?
Denne dagen vil konfirmantar saman med diakoniutvalet ha dugnadsdag der dei ønskjer å hjelpa folk med ulike små oppgåver i heim og hage. Det kan vera hjelp i hagen, rydding, reingjering. Det blir ikkje tid til store oppgåver som maling osv.
Leiar i diakoniutvalet, Brita Løland, fortel at dei vil dela inn arbeidslag i ulike aldrar som vil utføra oppgåvene dei har blitt tildelt. Dei som melder inn oppdrag vil få besøk i forkant for å kartlegga kva som skal gjerast. Ho fortel òg at utvalet er opptekne av at dette blir kjekt sosialt både gjennom samtale, gjere noko saman og ha litt å eta.
Oppdrag kan meldast til Kyrkjekontoret på tlf 41311055, eller mail forsand.sandnes@kirken.no innan 5. april.
Oppdraga kan utførast i Forsand