Kyrkjegardane

Vedtekter for kyrkjegardane i Forsand kommune

Jfr. lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd med endring ved lov 15. juni 2001 nr 68 og 26. august 2011 nr 40.

Vedtatt av Forsand sokneråd 28.02.12, sak 10/12 og 16.04.12, sak 18/12
Vedtatt av Forsand kommune, delegert FS-sak 23/12 den 09.08.12
Godkjent av Stavanger bispedømmeråd 22.08.12 i samsvar med § 21 i gravferdslova


§ 1    RETT TIL GRAVPLASS

  • Døde personar i kommunen kan gravleggast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskja. Dette gjeld òg om den døde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet.
  • Personar som er busette utanfor kommunen,  og som ikkje kjem under § 1 første ledd, kan få gravplass etter særleg tillating frå soknerådet. Den som syter for gravferda må då betala for dette etter, dei til ei kvar tid, gjeldande satsar vedteke av soknerådet.


§ 2    FREDNINGSTID

  • Fredningstid for kistegraver er 40 år.
  • Fredningstid for askeurner  er 20 år
  • Festetid er 5 år. Festeavgifta er kr. 100,- pr år, og blir innkrevd for 5 år om gongen.


§ 3    FESTE AV GRAV

  • Ingen kan festa grav på førehand. Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av og - etter godkjenning frå soknerådet - for ei ekstra grav i tillegg når det er grunn for det. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje festa grav ved sida av.    
  • Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren.  Dersom samtykke frå festaren ikkje kan innhentast, kan soknerådet avgjer spørsmålet om gravlegging. Når festa grav blir brukt vil det ikkje bli innkrevd festeavgift i fredningstida.      
  • Festaren pliktar melda frå om adresseendring.
  • Når fredningstida er ute, kan grava festast  for 5 år om gongen. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan feste ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå soknerådet.
  • Dersom det vert endringar i kven som er ansvarleg for grava, (festar), skal kyrkjeverja ha melding om dette.
  • I god tid før festetida går ut skal festaren varslast. Er festetida ikkje fornya innan 6 månader etter at festet har gått ut, går grava tilbake til kyrkjegarden.


§ 4    GRAV OG GRAVMINNE

  • Ved åpning av  kistegrav, er det høve til å leggja jord på omkringliggjande graver og flytta gravustyr så lenge det trengst.
  • Soknerådet vil syta for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp tidligare enn 1 månad etter gravlegging av kiste. Vinterstid kan det gå lenger tid før ein kan setta opp gravminne. Det er soknerådet som står for vurderinga av desse forholda.
  • Gravminne skal godkjennast  av soknerådet før dei vert sette opp, og setjast opp i samsvar med krav i lovar og føresegner gjevne av departementet. Det er ein fordel om arbeidet med å setja opp gravminne vert gjort av profesjonelle gravsteinsfirma eller folk som kan faget.  Oppsetting skal gå føre seg på anvist plass etter avtale
  • På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teken i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt.
  • Materialet til gravminne og fast dekor på gravminne skal vera i samsvar med § 22 i føresegnene. Ekstrautstyr på gravminne er på eige ansvar. Det skal tåle påkjenningar ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden. 


§ 5     PLANTEFELT

  • Framføre gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken omkring. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vera opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet.
  • I plantefeltet kan det ikkje plantast buskar eller tre som er (vert) høgare enn høgda på gravminnet, eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje lov å planta noko på sidene av gravsteinen, eller på baksida.
  • Det er høve til å bruka lause dekorting, som  blomsterurner,  lykter m.v. i plantefeltet. Dekorting skal ikkje setjast i ytterkanten av plantefeltet slik at dei står i fare for å øydeleggjast av maskinar ol. Lause dekorting skal fjernast etter bruk og alt avfall skal i avfallsdunk. Det er ikkje høve å ha lause dekorting i glas.
  • Det er høve til å bruke lause natursteinplater (dekorplater)  som er like breie som  gravminne. Platene skal ikkje overstiga 60 cm frå bakkant av gravminne. Eventuelle plantehol i platene skal ikkje vera større enn 1/3 av flatemålet på sjølve plata. Ein tillet ikkje tekst på liggjande dekorplater.
  • Det er høve til å ramma plantefeltet inn med ein 3-delt steinkant. Steinkanten skal  flukta med terrenget rundt. Det er ikkje høve til å ramma inn plantefeltet med anna materiale.
  • Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt eller dekorplate, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.


§ 6     PLANTEMATERIALE

  • Planter, kransar og liknande  som vert nytta ved gravferd eller pynting av grav og som endar som avfall, skal vera heilt komposterbart.
  • Det er festar sitt ansvar å fjerna visne blomar og kransar som er brukte ved gravferd. Soknerådet vil likevel, etter ei tid, syta for å fjerna desse dersom festar ikkje har gjort det sjølve.


§ 7     STELL AV GRAV

  • Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stella den grava han har ansvaret for.
  • Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege, eller soknerådet syter for dette.
  • Soknerådet kan òg syta for årleg planting på grav mot forskott-betaling (sjå § 8). 


§ 8    GRAVFOND OG ÅRSSTELL

  • Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravfond, vil soknerådet overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Fondet vert forvalta av soknerådet sin daglege leiar. Den innbetalte summen med tilegg av renter skal dekke utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden til ei fastsett tid. Kor mykje det i kvart tilfelle skal betalast inn, blir rekna ut på grunnlag av dei takstane som gjeld når fondet blir betalt inn, og kor lenge fondet skal vara. Det er soknerådet som fastset prisar for gravstell.
  • Stell ved gravfond kan berre overtakast for ei avgrensa tid, og ikkje lenger enn fredningstida. Gravfond kan deretter fornyast etter avtale med soknerådet for inntil 5 år om gongen. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i fondstida at midlane ikkje rekk til, skal fondstyraren gje melding om dette til den som er ansvarleg, eller festaren. Det er då høve til å auka fondet slik at det rekk tida ut.  Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.
  • Dersom det er midlar att av fondet når tida er ute, kan dei brukast av soknerådet til å gjera kyrkjegarden finare.
  • Gravfonda vert forvalta i felleskap, men fondsstyraren fører eigen rekneskap for kvart fond som vert revidert årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av fondsmidla. Avtale om stell av gravstad med gravfond skal setjast opp skriftleg.
  • Det er òg høve til å avtala stell for eitt år om gongen, mot årleg avgift. Avgifta blir betalt på forskot.
  • Soknerådet har ansvar for at gravstader med fond eller årsstell blir stelt i samsvar med avtalen.


§ 9    BÅREROM

  • Soknerådet disponerer bårerom. Slike rom skal bare nyttast til å ta vare på den døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.


§ 10    NÆRINGSVERKSEMD

  • Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå soknerådet. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.
  • Tilsette på kyrkjegarden kan ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjera.
  • Tilsette på kyrkjegarden kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande.

 

Minnelund

I eit hjørne av kyrkjegarden på Forsand finn ein unamna minnelund. Sjølve minnesteinen er henta frå fjellet på Fløyri. Det er ein hoggen stein frå anleggstida som er merkt av mange år i regn, sol og vind. Slik kan den vera med å symbolisera dei ulike fasane i liva våre. Teksten på steinen er lyrikk av jærdiktaren Helge Torvund. Og det vesle lyriske verset lyder slik:


Lyset
du treng
finns


Steinane ved sida er å legge blomar eller setje seg å kvile på.

Minnelunden har to funksjonar. Den eine er at det er ein gravstad der det er mogleg å setje ned urner eller små kister. Det er ikkje anledning å setje opp gravstein eller på annan måte kunngjere kven som ligg gravlagt her. Kyrkjegardsforvaltninga vil oppbevare kart og kven som er gravlagt og kor dei er gravlagt.
Den andre funksjonen er at dette er ein stad å kome der ein kan legge blomar eller tenne lys, for kjære som er gravlagt ein annan stad, eller andre sorger ein ber på.

 

Gravkart

Gravkart med oversikt over dei ulike felta på kyrkjgarden på Forsand. Last ned pdf.

 

Database over gravminner

Database over gravminner finn du på disnorge.no.  Der kan du finna alle gravstøtter frå 1900 fram til 2014.