Misjonsprosjekta til Forsand Kyrkjelyd
Foto: Ole Henrik Kalviknes
Me har to misjonsprosjekt med har særskilt fokus på i kyrkjelyden vår, det er eit evangeliseringsprosjekt i Etiopia og eit utdanningsprosjekt i Bangladesh. Desse prosjekta får pengane frå 13 kyrkjeofringar i året, og i adventstida har me eigen innsamlingsaksjon.
Prosjektet i Etiopia: Gi evangeliet videre i Blånildalen
Vi gir gumuz-folket i Etiopia evangeliet og utruster kristne til tjeneste og kirkebygging i lokalmiljøet
BLI MED Å STØTTE:
- Evangelisering
- Utdanningsstipend
- Kirkebygging
- Ungdomssenteret i Kamashi
Evangelisering: Målet med dette arbeidet er å gje menneske evangeliet om Jesus. I dette prosjektet er fokuset spesielt retta mot avsidesliggjande områder.
Utdanningsstipend:
I Blånildalen og Asosa-området bor det ulike folkeslag og religionsgrupper med et spenningsfylt forhold til hverandre. Det er stor mangel på prestar og evangelistar her, og dei som fins har derfor mykje å gjera. Prosjektet satsar på å utruste fleire prestar og evangelistar gjennom utdanning. Det gis stipend til teologisk utdanning og kursopplegg for søndagsskolelærarar, ungdomsarbeidarar og frivillige.
Bygge kyrkjer:
Kyrkjebygging er ein viktig del av prosjektet, og i Metekel har fleire nye kyrkjer blitt etablert. Et kyrkjebygg kostar 10.000 kroner.
Den første presten fra EECMY er ordinert, og ein lokal koordinator er ansatt.
Ungdomssenter:
Hovedmålet er å hjelpe ungdommene til å møte dei utfordringane dei står overfor. Det handlar òg om å sette dei i stand til å ta ansvar for eige liv, og aktivt delta i avgjersler som angår dei sjølv. I tillegg vil dei utvikle ferdigheter og kompetanse. Sist men ikkje minst vil senteret skape eit ungdomsnettverk både i Etiopia og internasjonalt.
VIL DU AT FLEiRE FOLKEGRUPPER I ETIOPIA SKAL HA EI KYRKJE Å GÅ TIL?
Evangeliseringsarbeidet i utkanten av Vestsynoden i Den etiopiske evangeliske kirke, Mekane Yesus, er i første rekke retta mot marginaliserte folkegrupper - gumuzfolket i Sirba Abaya og Agallo Meti, og fleire mindre folkegrupper i Assosa prosti heilt ved grensa til Sudan.
Antallet kristne i dette sterkt muslimsk prega området, er på over 20 000. Agallo Meti opplever stor vekst, og stadig fleire kjem til gudstjeneste. I Sirba går myndighetene inn for sammenslåing av fleire små landsbyar. Her blir det derfor satsa på bygging av ei stor kyrkje i staden for mange små. I Assosa, med flere menigheter og preikestader, er det bygd to kyrkjer, og det planlegges fleire. Evangeliseringsarbeidet skal intensiverast. Det er òg ynskje om å gå vidare til gumuzene på nordsida av Blånilen, nærare bestemt til Metekel. Dørene er åpne òg der.
Nyhetsbrev frå NMS i Etiopia: Trykk på LENKA
Prosjektet i Bangladesh: Martin Luther College
Martin Luther
College (MLC), Dhaka, Bangladesh, er ein kristen videregående skule (trinn 11-12) som blei starta (2010) for speielt å støtte underpriviligerte og marginaliserte elevar.
I Bangladesh betyr dette:
- elevar frå familier med låg inntekt
- elever frå etniske minoritetar
- elever frå religiøse minoritetar
MLC har som mål å bli ein god skule for desse gruppene som elles anten ikkje får denne utdanninga, eller som kun har mulighet til å gå på "fattig-skole" kor undervisning og læreforhold er mykje dårlegare.
MLC er starta av Normisjon i samarbeid med Kristelig Gymnasium i Oslo. Selv om Bangladesh er eit lavkostland, er eiendomsprisar og leieprisar veldig dyrt i
Dhaka. Det betyr at skulen driv med underskudd. Vi kunne valgt å øke skoleavgifta betrakteleg, skule kan nemleg vere god butikk i dette landet, men
då fell målet med å vere et tilbod for dei underpriviligerte bort.
Vi ynskjer derfor å utfordre dykk til å støtte ungdom i Bangladesh som treng utdannelse!
Nokon fakta:
- 220 elevar, 15 lærarar og 5 i administrasjonen
- Like mange jenter som gutter
- 35 % av elevane frå etniske minoritetar
- Elevar frå alle religionar (muslimar, kristne, buddhistar, hinduar)
- Internat for elever frå landsbygda (25 jenter og 55 gutter)
Norske kroner når langt - per år kostar:
- 1 stipend for ein student: 500,-
- 1 elev på internat: 2.500,-
- 1 elev på skulen: 5.000,-
Lese meir om Martin Luther College? Trykk på LENKA
Vil du vere med?
Innsamlinga skjer ved offer på 13 gudstenester i året, pluss adventsinnsamling i tillegg. Dersom du ønskjer å støtta prosjekta og er forhindra til å gjera dette på gudstenestar så ta kontakt med kyrkjekontoret, gjerne på mail: forsand.sandnes@kirken.no
Har du lyst å vita meir om NMS sitt arbeid i Etiopia, kan lesa meir om det på NMS sin Etiopiablogg.