Forsand kyrkje

Forsand kyrkje vart bygd i 1854. Før Forsand fekk si eiga kyrkje, måtte Forsandfolket reisa til kyrkja på Høle. Kommunegrensene var annleis, og Forsand var med i Høle annekssokn i Strand prestegjeld. Høle, med Forsand, vart skild frå Strand i 1842 som eigen kommune. Det budde mest folk på Forsand-landet, og då det blei bestemt at ein trong ny kyrkje, starta knivingane mellom Høle og Forsand om kor kyrkja skulle stå. I «Fjordafolk» av Trygve Brandal er dette skildra, så vil du lesa heile historia finn du den der. Dette blei ei sak som levde mellom sokn og politikarar i 12 år før det endeleg blei bestemt at Forsand skulle vera eige sokn og det skulle byggjast kyrkje. Men, då det var bestemt, var Forsandfolket utolmodige. 13. mai 1854 begynte dei å byggja, og 24. juni gav departementet endeleg si godkjenning av teikningane. Det var ikkje alltid ein klarte å venta på alle godkjenningar før heller. Det var kyrkjebyggmeister Tollak Gudmestad som sto for bygginga, men med seg hadde han mange. Det var både bygningsfolk og bygdefolk. Kyrkja blei bygd ferdig på mindre enn 5 månader, og 10. oktober same år sto ho klar til innviing. Som vanleg ved tømmerbygg, vart kyrkja ståande eit års tid før ho vart bordkledd. Bordkledninga kom på sommaren 1855, og då vart også kyrkja måla utvendig.

Kyrkja var bygd i nøktern stil. Det vart lagt lite vekt på utsmykning, og mange meinte at trass i storleiken, gav ho eit fattig uttrykk. Den første store restaureringa blei gjort i 1931, då kyrkja var 77 år. Då vart kyrkja måla innvendig, og kyrkja fekk altertavle og apostelbilete måla av Frank Wathne. Stavanger Aftenblad rosa arbeidet som var gjort og skriv: «Alt i alt gir kirken et overordentlig fint inntrykk. Det virket så solid, og det er harmoni i alt, så det tør kanskje sies at Forsand kirke nu hvad det innvendige angår, er den vakreste landskirke i Rogaland.»

Seinare fekk kyrkja blyinnfatta vindauge i koret , våpenhuset vart kledd innvendig og nye trapper til galleriet vart bygd. I 1963 vart koret utvida, preikestolen senka og golvet heva og isolert. Kyrkja fekk òg elektrisk oppvarming.

Til 150 - års- jubileet vart det sett inn nytt orgel, koret vart igjen utvida og preikestolen senka og sett inn til veggen. Apostelbileta på preikestolen blei tatt bort og det opprinnelege korset pryda igjen preikestolen. Apostelbileta blei hengde på bakre vegg  i kyrkjeskipet.

 

Nytt tilbygg

19. juni .2016 blei nytt tilbygg tatt i bruk. Her er det kyrkjetorg, kjøkken, kapell, små grupperom og toaletter.

Tilbygget er den største operasjonen sidan bygginga i 1854, og bakgrunnen for utbygginga var at kyrkja hadde sine avgrensingar i høve til universell utforming og undervisning. Sjølve kyrkjerommet eigna seg best til tradisjonelle kyrkjelege handlingar, og var lite tenlege til søndagskule, konfirmantopplæring og andre trusopplæringstiltak. Det var òg eit stort ønskje å få toalett innomhus. Dette gjorde at soknerådet i 2010 sette ned plan- og byggjekomitè som skulle sjå om det var råd å byggje på. Som det òg var før kyrkja vart bygd, var det ein veg å gå for å få dette i hamn. Det vart mykje planlegging og arbeid med finansiering før ein etter om lag 6 år, var i mål!

Forsand kommune sto for hovudfinansiering og byggjeleiing. Mange har gitt pengegåver, og mange har gjort dugnad både som medlemmer i ulike komitear og i praktisk arbeid både inne og ute. Forsand Byggservice as har hatt totalentreprise på bygget, og er kyrkjebyggmeistrar av i dag!

No når tilbygget er ferdig, håpar me at kyrkja kan leva vidare som ei god og tenleg kyrkje for Forsandfolket. No har me ikkje bare kyrkjeskipet, men alle dei gode «småromma» som gjer undervisning og anna kyrkjelydsarbeid lettare. Kyrkja er gamal, og i prosessen med å få bygd tilbygget er det òg spanande å gå tilbake i historia frå den tida då  kyrkja skulle byggjast.

 

Lyse kapell

Lyse kapell i Lysebotn  vart bygd i 1961, og har sidan den gong vore som ein liten "katedral" mellom dei høge fjella indst i Lysefjorden. Bygget er i tre med 150 plasser. Arkitekt: Helland, Gustav / Årreberg.

Mange hadde lagt ned ein stor innstats, og gitt gåver til kapellet. Det vart ein  merkedag då biskop Fridtjov Birkelid kunne vigsle kapellet den strålande sommardagen, 28. mai 1961.

Frå vigslingsdagen vart kapellet eit levande bygg med mange ulike aktivitetar. Det var basarar og foreiningar,  juletrefestar, hobbyklubb, søndagskule, forutan dei vanlege kyrkjelege handlingane. I starten var det åtte gudstenester i året.

Til 25 års-jubileet pussa dei opp kapellkjellaren på dugnad. Jubileumsdagen var det festgudsteneste med kaffi og noko attåt etterpå.

Etter som åra gjekk vart det   mindre og mindre folk att i Lyse. Skulen vart nedlagt og det vart mindre fastbuande igjen i bygda. Det vart skjeldnare gudstenester, før det vart heilt slutt rundt år 2000. Til slutt førte dette til ein diskusjon i soknerådet om ein  burde avhende kapellet. Kommunestyret fekk saka på bordet, og skulle avgjera kva dei skulle gjera. Då vakna Lysebuen, og saman skapa dei eit  engasjement for å behalda kapellet. Kommunestyret bevilga pengar til oppussing, men det var den store  dugnadsinnsatsen som gjorde at ein fekk dette til. Mange dugnadstidmar er lagt ned for å få kapellet på fote igjen.

5. juni 2011 blei det feira 50 års-jubileum for kapellet, som no sto fram med nyoppussa kjellar og reint og fint alle stader. Kapellet var fullt av folk som feira kapellet, og kanskje ikkje minst feira den store dugnadsinnsatsen som var gjort!